Bergensbanen


Vestgåande ekspresstog passerer Vangen i Ål.
Opnar fredag: Bergensbanen har vore stengt mellom Ål og Hol etter raset i Sangelia. Fredag opnar den att. . (Arkivfoto)
FOTO: Sigmund Krøvel-Velle
Bergensbanen opnar til natta

Arbeidet i Sangelia har gått raskare enn venta. Jernbaneverket reknar med å opne Bergensbanen til nattoga natt til laurdag.

Det kan ein fornøgd oppsynsmann Jon-Anders Hefte i Jernbaneverket opplyse i morgontimane fredag. Reparasjonsarbeidet etter det forrykande regnvêret og flaumen tysdag kveld, har gått over all forventing. Planen var å kunne opne banen att like over helga, men no skjer det meir enn to døgn «før skjema».

Det skuldast ikkje minst ein kjempeinnsats av lokale entreprenørar. Hefte skryter uhemma av Oddvar Øygard AS og T. Engene AS, som har stått på døgnet rundt, i tillegg til Jernbaneverket sine eigne folk.

Det er for tidleg å seie kor mykje skadane på jernbanen har kosta, men det dreiar seg definitivt om millionbeløp.

Farten forbi rasstaden vil vere nedsett til 40 km/t, iallfall den næraste veka, fortel Jon-Anders Hefte.

T.Engene AS, Klemmaveien 20, 3550 Gol. Tlf: +47 32 02 94 10 - Fax: +47 32 02 94 11